Dinna veka har eg vært på “Sterkare sammen” som e en stor konferanse for oss erfaringskonsulenta! på veien heim, der eg satt på båten skreiv eg en tekst til alle dissa eg møte i kverdagen min, dissa eg skal hjelpe med den bagasjen eg har og dei verktøya eg har i sekken min etter ett langt levd liv. Den ønska eg og dele med dokke, eg legge og ved noken bilde for og vise kor kjekt vi har hatt det.♥️
Eg har gått i dine sko
Eg har kjent på fortvilelsen. Den fortvilelsen som kjem når alt ser så mørkt ut at smerten et opp dei siste små molekyla av håp som va igjen.
Eg har kjent på håpløsheten du kanskje kjenne på akkurat no. Den følelsen av å ikkje ha svar på ka man treng, eller den villaste anelse om kor veien går vidare. Man står bare fast i sitt eget kaos. Et kaos man veit man sjølv e en del av, men som man ikkje ane korleis man skal komme seg ut av.
Eg har skreke og grått ut raseriet. Ropte så høgt eg kunne, men uten at noken høyrte skrika mine.
Ditta mørket som så få sette ord på, men som så altfor mange har kjent på. Det e ensomt. Så ensomt at man oppriktig trur man e det einaste mennesket i heile verda som har det sånn. Man føle seg aleine i en smerte man ikkje eingong klare å forklare.
Eg har gått den veien. Eg har kjent på konsekvensane, eg har betalt prisen. Igjen og igjen. Så eg veit ka det koste.
Dinna smerten du bære inni deg, den kjenne eg.
Eg veit korleis det e når tankane og følelsane blir så overveldande at dei nesten ikkje e til å holde ut. Når alt man klare å tenke på, e korleis man skal få smerten til å forsvinne. Når det einaste man ønske, e ei pause frå sitt eget hode. Sjølvskading og rus kan plutselig framstå som løysninga, fordi det e det einaste man veit fungera. I alle fall der og då. Det gir ei rask lindring, om så bare for ei lita stund. Eg har vært der.
Eg veit korleis det e å isolere seg. Å trekke seg unna, gjømme seg og sørge for at ingen får sjå kor gale det faktisk har blitt. For det kan følast tryggare å vere aleine enn å risikere at noken oppdaga kor langt ute man egentlig har havna. Det e enklare å gjømme seg enn å vise fram alt man sjølv oppleve som mislykka. Eg har kjent det.
Eg veit korleis det e å skyve vekk menneska som egentlig vil deg vel. Å avvise dei som prøva å komme nær, sjølv om det kanskje e nettopp nærhet man lengta aller mest etter. Man ønske ikkje at noken skal komme for tett på, samtidig som det einaste man egentlig ønske, e at noken skal bli værande. Eg har gjort det.
Og så e det skamma.
Den skamma som sakte, men sikkert blir en del av deg. Skamma over å ha svikta på dei områda i livet som betyr aller mest. Skamma som gnage på innsida, sekund for sekund, gjennom kvar einaste dag. For man skal jo ha kontroll. Man skal jo klare det. Man skal jo vere den trygge, den sterke, den som stiller opp.
Man skal jo vere en forelder som har koll.
Men eg mista dei.
Og kanskje e det akkurat der skamma blir aller tyngst. Når det ikkje bare e seg sjølv man føle at man har svikta, men også dei man skulle beskytte og vere der for.
Eg veit. Eg har kjent på det. Eg har stått i det.
Og det e kanskje det viktigaste eg ønske at du skal vite: Du e ikkje aleine i det mørket du står i, sjølv om det følast sånn akkurat no. Eg kan gå veien i lag med deg om du vil, arbeidet må du gjere sjøl men eg veit kor godt det e å gå i lag med noken andre, noken som veit
Heile hotellet va pynta til jul
Det blei mykje mat!
Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!
Meld dere inn og følg oss videre ❤️
Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁
her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share










