Eg har tatt livet tilbake – Etter 18år i rusen, kan eg forsatt feste til langt på natt

Herrelighet så kjekt det går an å ha det utan alkohol!😂

Kor trygg man faktisk kan føle seg i eit rom fullt av menneske, der feststemninga e på topp.♥️

I går holdt eg ut heilt til klokka 00.00 igjen, og det hadde eg aldri trudd for eit par år sia.

For noken år sia ville eg kjent på ubehaget. Eg ville trekt meg inni meg sjøl, blitt usikker og hatt problem med å klare å være delaktig i det som foregikk rundt meg.

Men no? No e eg faktisk den som både dansa og blir aller mest umoden når det kjem til konkurransa og spel! 😂

No har eg vært på to festa på under ein måned, og ikkje ein einaste gang har eg tenkt over at eg e ein av dei få som ikkje nyte alkohol. Eg har Solo Super i glaset, og det e meir enn godt nok!😁

 

 

Eg tenke faktisk ikkje over det mens eg e på festen. Det e først på veien heim, når eg sitte aleine i bilen og får litt tid til å tenke, at eg plutselig stoppa opp.

Det e rart, tenke eg. Rart at eg ikkje har tenkt på det.🤭

Og kanskje e det akkurat der eg kjenne aller best kor langt eg har komt. At det som ein gang kunne fylle eit heilt rom inni hovudet mitt, no knapt nok får plass i tankane mine.

Eg e ikkje lenger opptatt av kva eg ikkje drikke. Eg e opptatt av alt eg faktisk får være med på.♥️

Og herlighet så godt det e! 😁

På veien heim låg det ein trailar bak meg, og plutselig dukka Mikkel Rev opp rett foran bilen min!😳

Han såg omtrent like forvirra ut som det eg sikkert gjorde. Han tok seg nokre runda fram og tilbake før han til slutt sprang foran bilen og over på den andre sida av veien.

Eg tenkte med ein gong at eg hadde dødd om eg hadde kjørt på han! 😂 Samtidig kunne eg ikkje akkurat bråbremse heller, med den store doningen liggande bak meg. Så lettelsen va ganske stor då den flotte, store rødreven kom seg heilskinna unna.

Eg pleie ikkje å kjøre bil «midt på natta», så det va litt av eit dyreliv eg fekk med meg på heimturen. Både rev og hjort dukka opp i mørket.😁

Det blei med andre ord litt meir enn berre heimreise etter ein kjekk kveld!🤭

I dag skal eg gjere minst mulig på lengst mulig tid! Det følast heilt perfekt, og det å ha frihelg før ei veke med fem vakte på rad skal nytast til det fulle.

No venta eg bare på ektemannen min, som har jobba i noken tima, så kan dinna heimehelga endelig begynne.

Eg skal bare nyte følelsen av å mestre. Av å stå i situasjonar eg for noken år sia aldri hadde trudd eg kom til å mestre. For sjøl om man legge alkoholen på hylla sjøl, trenge man ikkje å gå glipp av ein god fest!♥️

Man kan faktisk komme til eit punkt der man klare å være ein del av det heile, senke skuldrene, danse, le og skape gode minner. Man kan komme heim med ei heilt anna kjensle enn den man kanskje hadde sett for seg.

Man kan komme styrka ut av det, med fleire verktøy i sekken og gode minner å ta med seg vidare.

Og akkurat det skal eg ta meg tid til å kjenne på i dag. For det e faktisk ganske stort å oppdage at livet utan alkohol ikkje bare e eit liv man klare å leve, men eit liv man verkeleg kan kose seg i!

Ha ei nydelig helg venna, og takk for at dokke gidde å lese alle dissa tankane mine, det sette eg veldig pris på ♥️

 

 

Fikk bursdag og julegave med Sebastian i går ♥️

 

Nydelig mat på festen i går 😍 det einaste bilde eg tok av heile festen, det som skjer på fest blir på fest 😂

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Eg trur eg har vært deprimert

Dagen i dag blir brukt til forefallande arbeid som man ikkje rekke over i kverdagen. Når man fyst får en frifredag, så må man faktisk benytte seg av den!😁 Og det e kanskje akkurat det eg lika best med dinna kverdagen som har blitt litt meir hektisk på grunn av økt stilling.

Man blir rett og slett nødt til å bruke fritida strategisk! Då eg jobba 50 %, følte eg ofte at fridagane mine bare sklei forbi uten at dei egentlig blei brukt til noke. No føle eg faktisk at eg har meir tid til overs enn då eg hadde absolutt meir fritid. Tru det eller ei, det gir ikkje logisk meining, men det e faktisk sant!🤭

I dag skal eg blant anna kjøre mamma for å fikse noken julegave. Eg e allerede godt i gang med husvasken og har laga meg ei liste over ting eg må få gjort i løpet av dagen.

Til slutt skal eg gjere meg klar for personalfest, før det bære av gårde på forspill. Så her e det bare å holde tempoet oppe, for dagen e langt ifrå over enda!😁

Den har faktisk så vidt starta, og i dag ønske eg at budskapet mitt i innlegget skal handle om kor levande eg føle meg akkurat no.

Du veit den følelsen i kroppen? Når man plutselig kjenne på et overskudd man nesten ikkje heilt veit kor kjem ifra? Når man føle at man kan gjere ka som helst, uten at det kreve så innmari mykje av en? Når sjøl dei minste oppgåvene ikkje lenger føles som et fjell man må bestige?

Det e akkurat der eg e no!😁

Eg går ut ifra at det heng sammen med at eg har kjent på et stort underskudd det siste halve året. Der alt har føltes som sirup, der sjøl dei enklaste ting har krevd ekstremt mykje av meg, og der eg på mange måta har måtte bruke all energien min på å komme meg gjennom dagane.

Eg av alle skal ikkje misbruke ordet depresjon. Eg veit kva det innebære, og kor alvorlig det faktisk e. Men når eg ser tilbake på den siste tida, så trur eg rett og slett at eg har vært deprimert.♥️

 

I dag va eg so ivrig i husvasken at den kule statua mi gikk rett i bakken og i knas 😬


Ikkje nødvendigvis på en måte der alt stoppa opp og livet blei satt på pause, men kanskje meir på den måten at alt blei så uendelig tungt. At eg mista litt av den gnisten eg vanligvis har, og at ting som før ga meg glede plutselig krevde meir enn eg hadde å gi.

Og derfor kjennes det ekstra godt å kjenne på det motsatte no.

Å våkne med lyst til å gjere ting. Å kjenne at kroppen samarbeide, at tankane flyte litt lettare, og at livet ikkje føles som en evig motbakke.

Eg veit ikkje kor lenge denne følelsen vare, og eg har heller ikkje tenkt å bruke den opp på alt eg ikkje har fått gjort dei siste månedane.

Men akkurat no skal eg få lov til å kjenne på den. Nyte den. Og ikkje minst være takknemlig for at eg igjen kjenne meg litt meir som meg sjøl.😁

Følelsen av å glede seg til ting igjen! Å sjå ei full veke framfor seg og ikkje sitte med en klump i magen fordi eg e usikker på om eg klare å strekke til. Det e deilig det!♥️

No skal eg fortsette på dinna fredagen her og prøve å ikkje la frosten ute få legge en altfor stor dempar på stemninga. Kroppen min tåle store temperaturforskjella ganske så dårlig, men så lenge eg har ei positiv innstilling, så klara man det meste!

Ha en nydelig dag, venna, og ei knallstart på helga! Eg håpa mange av dåkke går helga i møte med akkurat den samme gode følelsen av å ha noke å glede dåkke til.♥️

 

God helg venna ♥️

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

En håpsbærar, er eg ein slik?

Den siste tida har eg tenkt meir og meir på ditta ordet som eg har høyrt så mange ganga. Eit ord som blir brukt mykje når det kjem til erfaringskonsulentar, og eg trur faktisk aldri eg har høyrt om dette ordet i andre samanhenga, knytt til andre yrkesgrupper.

Men for oss erfaringskonsulentar dukkar ditta ordet opp i nesten alle samanhenga.

Eg frys litt på ryggen når eg høyrer ordet. Eg blir utilpass, og kjenner på at ordet rett og slett ikkje passar for meg.

Heilt ifrå fyste gang eg høyrde ditta ordet, har eg brukt ufatteleg mykje tid på å tenke på det. Og uansett korleis eg vrir og vender på det, så blir det feil for meg.

Den dagen kjem nok aldri då eg sitte og titulera meg med dinna store og bambuse tittelen det faktisk er å vere ein håpsbærar!    ♥️

Nei, eg e berre meg. Med den historia eg har, med den bagasjen eg bære på kvar einaste dag, så håpe eg at det e nok.

Eg forstår at når ein jobbar som erfaringskonsulent, så skal ein vere med på å skape håp. Alternativet er ganske så grått utan. Eg forstår også at vi skal legge til rette for at menneske som har mista håpet, kanskje kan finne det igjen.

Men då tenkjer eg at vår oppgåve er å støtte dei i å klare noko dei sjølve ikkje trudde dei ville meistre. Å legge til rette for meistringsopplevingar, og sette dei i situasjonar der dei får bruke sine eigne ressursar til å oppnå noko eller finne løysingar på problem dei står i.

Det er ikkje eg i meg sjølv som skal gjere dette. Det er den eg skal hjelpe. Mi oppgåve er å vere ei støtte på vegen.

Når eg høyrer ordet håpsbærer, så ser eg nesten for meg ein person som går rundt med ein tryllestav og tryllar fram håp hos andre.

♥️

 


Men håp må komme innanfrå. Det er ikkje noko eg kan trylle fram eller skape for eit anna menneske.

Det eg derimot kan gjere, er å vise at det er mogleg. Eg kan vere eit levande eksempel på at livet kan ta ei anna retning enn den ein kanskje trudde var mogleg.

Mitt mål er å sjå pasientane mine. Sjå behova deira og tåle historiene deira. Å møte kvart einaste menneske med eit ope sinn, med galgenhumor og ekte medkjensle.

Eg kan gå ved sida av, støtte, heie og legge til rette.

Men håpet må dei finne sjølve.

Og kanskje er det nettopp der noko av det viktigaste arbeidet vårt ligg. Ikkje i å bere håpet for andre, men i å vise at det faktisk finst grunn til å håpe.   

Ja, det va mine tanka i dag.

Det foregår mykje oppi knollen heile tida, så å få lette litt på trykket og få tankane ned i ord e rein terapi.

Eg har lagt bloggen litt på hylla i ei periode, av ulike grunna, men den e fortsatt det viktigaste eg kan gjere for mi eiga psykiske helse. Det e rart kor mykje ein får sortert og kor mykje ein får tenkt høgt når ein skrive. Det å sette ord på tankane, få dei ut av hovudet og ned på papiret, gjer rett og slett godt.

Ute har snøen meldt sin ankomst, og den kjem som julekvelden på kjerringa kvart einaste år. Det va rett og slett eit sjokk å måtte skrape ruta for store isklumpa i dag tidleg! Eg har gått og frose i heile dag fordi eg rett og slett ikkje har kledd meg skikkelig. 🤭

Det burde jo ikkje komt som ei bombe. Det e tross alt 12. november, og det e ikkje det slag unaturlig at vinteren banke på døra no. Men dokka skjønna …😂

I morga venta personalfest og fest nr.2 på en måned men fyst skal eg få varmen i meg og nyte stillheten her heime.

Det føles godt å være heime igjen etter to tette vakte.

Ha en nydelig dag min venn og takk for at du tok turen innom ♥️

 

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Eg vil nok miste noken lesera på ditta

I går tikka det inn ei melding som tok meg litt på senga her.

Ho var frå ei dame som fortalde meg kor mykje denne blogginga mi faktisk betyr for ho. ❤️

Eg har drive denne bloggen sidan januar 2020, og eg blir framleis litt satt ut når eg får slike tilbakemeldingar.

At mine ord, mine erfaringar og mi historie kan bety noko for eit anna menneske, det er stort. Faktisk mykje større enn eg klarer å sette ord på.

Eg starta denne bloggen for å klare å finne vegen tilbake til samfunnet rundt meg. Eg ville vere med på å skape eit større fokus på oss som ikkje har levd eit liv der alt går rett framover. Oss som har ein bagasje, som har gjort feil, tatt omvegar og som har måtta kjempa oss tilbake.

 

Starten av 2020 handla om behandlinga av blodsjukdomen i tillegg til og komme seg på beina etter å ha knekt ryggen rett av ♥️ her sitte eg og får behandling på kreftavdelinga, en del av det dei bruka i cellegifta blei løysninga ♥️

 


Gjennom bloggen har eg gått gjennom ei sjølvransaking frå helvetet. Eg har delt oppturane, dei store nedturane, dei vonde tankane, skamma, håpet og alt det som ligg imellom. Eg har prøvd å vere så ærleg som eg klarer, også når det har kosta.

Men at denne openheita mi skulle bety så mykje for andre menneske, det er framleis litt uverkeleg for meg.

Kanskje er det nettopp det som er meininga med det heile? At når vi tør å vere ærlege om det vi har vore gjennom, så kan andre kjenne seg litt mindre åleine.

Difor vil eg berre seie tusen takk til alle dokke som les, som sender meldingar og som deler litt av dykkar eigne historier med meg.

De skal vite at det betyr mykje.

For sjølv om eg starta denne bloggen for mi eiga skuld, så har det etter kvart blitt så mykje meir enn det.

Slike tilbakemeldingar betyr meir enn dokke anar.

 

 


Då eg starta dinna bloggen her, va eg veldig bevisst på at eg ville skrive på bokmål. Eg tenkte det va både lettare for meg sjøl og for dei som skulle lese det eg skreiv.

Men etter noken år i arbeid, der eg bevisst har skrive på nynorsk, har det blitt heilt naturlig for meg å gjere noken endringa her inne også.

Eg føle rett og slett at eg skrive meir ekte. At tankane mine kjem betre fram, og at det eg ønske å formidle blir meir riktig når eg skrive slik eg faktisk snakka.

Eg veit at eg sikkert miste noken lesera fordi det kan vere meir krevande å lese ein tekst på nynorsk eller dialekt. Men for meg blei det heilt sjølvsagt då eg igjen skulle sette meg ned og skrive innlegg her inne.

For det handlar jo tross alt om å få fram mine eigne tankar, på min eigen måte. Og då må det også få vere på mitt språk.

No skal eg gjere meg klar for to tette vakte på rad, der eg skal overnatte på hybelen «min».

Før den tid har eg litt småting som må ordnast. Bilen e full av tomkasse som skal køyrast til farmor, og eg må høyre om pappa kom seg til frisøren i dag. Han har heldigvis komt seg på beina igjen etter å ha vore sjuk i noken daga, og det e alltid godt å sjå at folk rundt seg begynne å bli seg sjøl igjen.

Vi e jammen meg også beæra med litt solskinn her i Måløy by i dag! Og det skal ikkje mykje til før humøret får seg eit lite løft. Det e virkelig ingenting som varma sjela mi så mykje som når sola titta fram. Plutselig virka alt litt lettare, og sjølv dei små kvardagslege gjeremåla kjennest litt mindre tunge.

Tenk at litt sollys kan gjere så mykje med både humøret og følelsen av ein heilt vanleg dag.

Eg vel å ta det som eit godt teikn. Ditta her blir ein god dag!

Lag deg en strålande onsdag min venn, og takk for at du tok turen innom 

 

 

Eg og pappa i 2020 når vi tok helikopter for og feire at han va kreftfri og eg rusfri ♥️

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Korfor skal ikkje eg kunne gå på fest? – To tette på rad ekje kverdags

No har eg ikkje vore på den eine jobben min sidan slutten av oktober, så vakta i dag har rett og slett berre sust av garde utan at eg har rukke å tenkje meg om! 🤭

Det var mykje som skulle takast igjen, både lesing av e-postar og diverse oppgåver knytte til ansvarsområda mine. Plutseleg var arbeidsdagen over, og klokka hadde berre flyge av garde!♥️

Etter jobb var eg innom heile fire forskjellige matbutikkar for å tigge kassar til farmor, før eg til slutt kunne senke skuldrane og ta meg ein lang og varm dusj for å finne roa her heime.

Heile 9000 skritt har eg lagt bak meg i dag – og det heilt utan å ha trena! 😁

På dagar som dette kjenner eg meg rett og slett gira!😂 Eg kjenner på eit overskot, ein energi og ei kjensle av at eg har så mykje å gi. Og det på trass av at søvnen framleis er heilt elendig. Det er faktisk ei heilt fantastisk kjensle!♥️

Så får vi sjå når veka er omme, om eg framleis seier det same då!🤭

 

Veka byr på seinvakt i morgon, før det blir tidlegvakt på torsdag. Så skal eg avslutte veka med personalfest saman med jobben min!😁

Ja, eg veit at eg går mykje på fest for tida, men det har rett og slett berre blitt sånn! To festar så tett på kvarandre er absolutt ikkje normalen for meg, men akkurat no kjenner eg meg faktisk rusta til å delta på slike ting.

Det er ingenting ved det livet som freistar meg lenger. Eg veit kva konsekvensane ville vore, og med den historia eg har bak meg, ligg den bevisstheita alltid i bakhovudet. Eg veit kva eg har å tape, og eg har ingen interesse av å gå tilbake dit.♥️

Det har heller ikkje trigga meg å vere i slike settingar, og då tenkjer eg: Kvifor ikkje? Eg har lyst til å kunne delta, kose meg og vere sosial utan at det treng å bety noko meir enn akkurat det.

For meg handlar det om å kunne leve livet, vere til stades og kjenne meg trygg i dei vala eg tek.

 

No skal eg berre nyte freden her heime! Eg har storhandla Solo Super, som er på tilbod på Europris, og fått med meg to nye julepledd til heimen. Så no er alt lagt til rette for ein roleg og koseleg kveld!♥️

Eg skal finne fram ei iskald Solo Super, benke meg godt til rette og sjå på masse dårleg TV resten av kvelden, saman med mannen min som har blitt sjuk.

Og eg skal vere forsiktig med kommentarane mine rundt den såkalla manflu’en, for eg vågar rett og slett ikkje å kødde for mykje med det. Då veit eg at eg får det rett tilbake på meg sjølv! 😂

Så her blir det sofakos, julepledd, Solo Super og låg puls resten av kvelden. Akkurat slik eg vil ha det!♥️

Lag deg en god kveld min venn, og takk for at du tok turen innom 🌹

 

Legg ved eit bilde av juletreet på hotellet i Bergen då eg har problemer med og laste opp bilde til bloggen 🤭

 

Fikk og med meg to nøtteknekkere! ♥️😁
Førpris 600kr, no 129kr!


👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Små endringa kan skape en full krig

Då telefonen kom, visste eg at ditta her kom til å bli ein kamp. Eg kjente det nesten på meg då eg fekk beskjed om at ressurssenteret som pappa er på i kvardagen, skulle flyttast til Kulatoppen for ein periode medan dei skiftar vindauge.

Endringar og forandringar i rutinar kan verke små for oss andre, men når ein har demens eller er kognitivt svekka, kan slike endringar snu opp ned på heile kvardagen.

I fleire dagar no har pappa ikkje vore heilt seg sjølv. Heilt sidan beskjeden kom, har han gått med ei oppfatning av at dette var eit tiltak for å få heile gjengen innlagt der. Då han heller ikkje var på koret i dag, fekk eg ei kjensle av at noko ikkje stemte. Eg kjente ugler i mosen og bestemte meg for å oppsøke han.

♥️

 

Vi tok ein lang og god prat om endringane som kjem. Vi gjekk gjennom heile saka steg for steg, snakka om kva dette faktisk inneber, og heldigvis klarte eg å snu tankegangen hans. Det kjennest godt å kunne bidra til litt meir ro og tryggleik når tankane har fått løpe litt løpsk.

Pappa har vore sjuk sidan i går, så eg handla inn litt mat til han og tok samtidig ein skikkeleg rydderunde i kjøleskapet. Det var visst på tide å få ut litt gamle varer også.

Det er ikkje berre pappa som er sjuk her i huset. Sebastian ligg langflat i senga og har vore heime frå jobb i dag. Så då får eg berre finne fram sjukepleiaren i meg og pleie gutta mine etter beste evne. 

Eg er veldig glad for at eg klarte å snu tankegangen til pappa i dag. Og ein ting er i alle fall sikkert: No veit eg kor staheita mi kjem frå! For makan til stabeis skal ein leite lenge etter.

Kanskje er det nettopp ein stor del av grunnen til at vi har kome oss gjennom livet? At vi ikkje gir oss på tørre møkka, at vi ikkje godtek alt, og at vi tør å stå opp for oss sjølve. Nokre gongar kanskje heilt unødvendig også, slik som i denne saka.

 

♥️

Det å velje kampane sine er noko eg har snakka mykje om, både på privaten og i jobbsamanheng. For det handlar faktisk om å vite kvar ein skal legge kruttet, kva ein skal bruke energien sin på, og kva ein vel å gi fokuset sitt til.

Eg har etter kvart lært meg å sortere litt. Kva kan eg gjere noko med sjølv? Kva treng eg hjelp til? Og kva må eg rett og slett akseptere at eg ikkje kan gjere noko med?

Å ikkje bruke opp alle kreftene sine på ting ein uansett ikkje kan forandre, har blitt ein viktig del av prosessen med å bli rusfri – og ikkje minst det å leve rusfritt.

Det betyr ikkje at ein skal slutte å kjempe, eller godta alt som kjem i livet. Tvert imot. Det handlar om å vite kva som er verdt å kjempe for, og kva ein må klare å legge frå seg.

  ♥️

Vidare i dag skal eg på bingo på Bryggja og kanskje få gjort litt her i heimen.

Eg ser lyst på dinna splitter nye veka og gleda meg til å sjå kva den vil inneholde. Lag deg ein fin start min venn, og takk for oppmerksomheten🌹

 

 

 

 

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Livet ekje “bare bare” – Det siste halve året har vært tøft

Det siste halve året som ligg bak oss, har ikkje berre vore enkelt for meg. Eg kjenner at når ting verkeleg røyner på, og stormen stormar rundt oss, så trekkjer eg meg inn i meg sjølv. Eg blir mindre open, stillare og får større problem med å vere meg sjølv.

Eg blir stille.

♥️

Eg blir så fokusert på å finne løysingar og fikse problema at eg nesten forsvinn inn i mitt eige hovud. Kanskje treng eg det for å sortere tankane og finne ut kva eg skal gjere vidare. Men over tid trur eg ikkje det er bra for nokon å gå rundt og surre så mykje i sitt eige hovud.

Eg kjenner at eg er på veg tilbake igjen. Samtidig er det noko med det å ha opplevd så mange gongar at verda blir knust rundt deg. Når du er vand med at ting kan gå til helvete når som helst, begynner du ubevisst å vente på at det skal skje igjen. Det er nesten som om kroppen aldri heilt klarer å senke skuldrene.

Å kjenne seg liten og sårbar, nesten litt ubetydelig, og som om ein ikkje er viktig, har vore ein del av meg ei stund no. Det gjer noko med eit menneske. Grunnmuren skakar under deg, og du veit ikkje korleis livet ser ut om nokre veker. Det er få ting som triggar meg meir enn uvisse. Den kjensla av å ikkje vite, av å ikkje ha kontroll eller tryggleik.
♥️

Livet har vore fylt med farlege og giftige relasjonar. Relasjonar som gnagar i sjela, som bryt deg ned litt etter litt, og som tek meir frå deg enn dei gir.

Hjartet mitt har blitt knust, og eg har prøvd å late som om det ikkje går inn på meg. Akkurat som eg alltid har gjort.

Fake it till you make it, ikkje sant?🤭

Men sjølvsagt går alt inn på meg. Eg er berre eit menneske. Det er ikkje meininga at vi skal stå i alt, heile tida, utan å bli påverka. Vi kan ikkje forvente av oss sjølve at vi skal vere sterke gjennom absolutt alt.

Men eg har på mange måtar vore nøydd til det. Eg har gjort det eg måtte for å klare meg sjølv, for å halde hovudet over vatnet og kome meg gjennom det som har vore.

Det har blitt ein forsvarsmekanisme. Ein måte å overleve på.

♥️

Samtidig ser eg jo sjølv at det ikkje fungerer i lengda. Kroppen og hovudet seier frå før eller seinare. Ein blir sliten, søvnen blir dårlegare, matlysta forsvinn og overskotet blir mindre og mindre.

Heldigvis har eg hatt jobben min som erfaringskonsulent.

Den har betydd meir for meg enn eg kanskje klarer å setje ord på. Jobben har gitt meg meining, retning og noko å halde fast i når mykje anna har vore utrygt og usikkert.

Eg trur faktisk ikkje eg hadde klart meg like godt utan den. Kanskje hadde eg bikka under for lenge sidan.

Og no handlar det om å finne litt tilbake til meg sjølv igjen. Om å tørre å vere open, om å sleppe andre litt inn og om å forstå at eg ikkje alltid må bere alt åleine.

For eg er ikkje berre den som skal klare meg. Eg er også eit menneske som treng tryggleik, omsorg og rom til å vere sårbar.

Og kanskje er det nettopp det eg må øve meg på no.
♥️

Eg håpa og trur at framtida no blir bedre, det ser litt lysare ut for kver dag og eg ekje eit menneske som gir meg så lett.

I går va vi på basar på Røde Kors-huset, der inntektene går til den pågåande oppussinga.  Det er fint å kunne støtte opp om slike gode tiltak!

Røde Kors-huset betyr mykje for meg og familien min. Dåpen til dottera mi blei feira der, vi har brukt huset til etterverngruppe i fem år, og vi feira også bryllaupet vårt der. Det er med andre ord mange gode minner og mykje historie knytt til dette huset for oss. 

Difor betyr det ekstra mykje å kunne bidra til at dei får fullført den flotte jobben dei no held på med. Håpar mange vil vere med og støtte opp om dette viktige arbeidet, slik at huset kan halde fram med å vere ein god samlingsplass for mange i åra som kjem. 

I dag skal vi ta med oss fedrene våras og mamma på Havfruen og spise farsdagsbuffe. Men fyst husvask og det som høyre med når det e søndag i heimen.
♥️

Det va godt å lette hjartet litt, når man skrive tankane sine ned e det enklare og ta tak i livet og gjere noke med det. Det e enklare og sortere ka man skal fokusere på, og ka som e mindre viktig.

Ha en nydelig søndag, ta vare på dei som e verdt å ta vare på, og gløym litt dei andre. 

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Eg har gått i dine sko – Tanka etter “Sterkere sammen”

Dinna veka har eg vært på “Sterkare sammen” som e en stor konferanse for oss erfaringskonsulenta! på veien heim, der eg satt på båten skreiv eg en tekst til alle dissa eg møte i kverdagen min, dissa eg skal hjelpe med den bagasjen eg har og dei verktøya eg har i sekken min etter ett langt levd liv. Den ønska eg og dele med dokke, eg legge og ved noken bilde for og vise kor kjekt vi har hatt det.♥️

 

 

 

Eg har gått i dine sko

Eg har kjent på fortvilelsen. Den fortvilelsen som kjem når alt ser så mørkt ut at smerten et opp dei siste små molekyla av håp som va igjen.

Eg har kjent på håpløsheten du kanskje kjenne på akkurat no. Den følelsen av å ikkje ha svar på ka man treng, eller den villaste anelse om kor veien går vidare. Man står bare fast i sitt eget kaos. Et kaos man veit man sjølv e en del av, men som man ikkje ane korleis man skal komme seg ut av.

Eg har skreke og grått ut raseriet. Ropte så høgt eg kunne, men uten at noken høyrte skrika mine.

Ditta mørket som så få sette ord på, men som så altfor mange har kjent på. Det e ensomt. Så ensomt at man oppriktig trur man e det einaste mennesket i heile verda som har det sånn. Man føle seg aleine i en smerte man ikkje eingong klare å forklare.

Eg har gått den veien. Eg har kjent på konsekvensane, eg har betalt prisen. Igjen og igjen. Så eg veit ka det koste.

Dinna smerten du bære inni deg, den kjenne eg.

Eg veit korleis det e når tankane og følelsane blir så overveldande at dei nesten ikkje e til å holde ut. Når alt man klare å tenke på, e korleis man skal få smerten til å forsvinne. Når det einaste man ønske, e ei pause frå sitt eget hode. Sjølvskading og rus kan plutselig framstå som løysninga, fordi det e det einaste man veit fungera. I alle fall der og då. Det gir ei rask lindring, om så bare for ei lita stund. Eg har vært der.

Eg veit korleis det e å isolere seg. Å trekke seg unna, gjømme seg og sørge for at ingen får sjå kor gale det faktisk har blitt. For det kan følast tryggare å vere aleine enn å risikere at noken oppdaga kor langt ute man egentlig har havna. Det e enklare å gjømme seg enn å vise fram alt man sjølv oppleve som mislykka. Eg har kjent det.

Eg veit korleis det e å skyve vekk menneska som egentlig vil deg vel. Å avvise dei som prøva å komme nær, sjølv om det kanskje e nettopp nærhet man lengta aller mest etter. Man ønske ikkje at noken skal komme for tett på, samtidig som det einaste man egentlig ønske, e at noken skal bli værande. Eg har gjort det.

Og så e det skamma.

Den skamma som sakte, men sikkert blir en del av deg. Skamma over å ha svikta på dei områda i livet som betyr aller mest. Skamma som gnage på innsida, sekund for sekund, gjennom kvar einaste dag. For man skal jo ha kontroll. Man skal jo klare det. Man skal jo vere den trygge, den sterke, den som stiller opp.

Man skal jo vere en forelder som har koll.

Men eg mista dei.

Og kanskje e det akkurat der skamma blir aller tyngst. Når det ikkje bare e seg sjølv man føle at man har svikta, men også dei man skulle beskytte og vere der for.

Eg veit. Eg har kjent på det. Eg har stått i det.

Og det e kanskje det viktigaste eg ønske at du skal vite: Du e ikkje aleine i det mørket du står i, sjølv om det følast sånn akkurat no. Eg kan gå veien i lag med deg om du vil, arbeidet må du gjere sjøl men eg veit kor godt det e å gå i lag med noken andre, noken som veit

 

 

 

Heile hotellet va pynta til jul

 

 

Det blei mykje mat!

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

 

Festen som endte i tårer

Forrige uke var helt VILL!😳😁

Jeg avslutta uka på fredag med å ta en ekstravakt, for så og gå og sose på Nordfjordeid i noen timer før jeg gikk rett på forspill og fest med jobben min.♥️

Jeg var ikke hjemme før kl01.00 og jeg ble sittende her i sofaen med tårer i øynene og hadde ett moment med meg selv.

 

 

Jeg bytta til festklær på toalettet på buss-stasjonen 😂 Yay? Or NAI? 🤭

 


Jeg gråt av takknemlighet, for at jeg har så mange mennesker i livet mitt som ser meg for den jeg er, som ikke behandler meg annerledes men som har lyst å være en del av livet mitt. Mennesker som støtter meg med hud og hår, som ser på denne reisa mi som en ressurs istedenfor en bakdel og byrde.

Jeg føler meg så akseptert!♥️

Jeg har aldri hatt det så gøy på en fest før, jeg har aldri dansa med hele meg edru og jeg har aldri holdt ut så lenge som på fredag. Jeg tar med meg dette som en fin erfaring på at selvom jeg ikke drikker, så kan jeg ha det like moro som alle andre, om ikke mer! 😂

På lørdag sov jeg til klokka 15 på dagen, noe som aldri skjer ellers og jeg var så glad for at jeg ikke hadde lagt planer for helga og bare kunne ta det helt piano.

I går var jeg på besøk hos venninna mi i noen timer før vi reiste til farmor på besøk, en helt perfekt helg i mine øyner.

Denne uka her blir like VILL som forrige, minus å avslutte med en fest😁

Jeg har vakt hver eneste dag og i morgen skal jeg gjøre det som kreves mest av alt av meg, nemlig fagdag der vi skal sitte på rumpa og lytte! jeg håper at temaet er spennende og at jeg klarer å holde fokuset. 🤭 

Livet er en karusell for tiden, jeg har aldri før vært så opptatt og jeg føler meg mer motivert og inspirert enn jeg har gjort på lang tid. Kanskje det ikke var så dumt å gå opp i stilling? man får mindre tid til å fokusere på bagateller som faktisk ikke betyr noe i den store sammenheng og jeg rekker ikke å irritere meg over småting lenger.😂

Nå skal jeg legge beina høyt, fylle på glasset med iskald Solo super og vente på Sebastian som jobber overtid. Viktigheten av å hente seg inn igjen imellom slaga har blitt viktig for meg, nå er det tid for egentid!😁🌹

 

Ha en fantastisk start på uka venner 🌹

 

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share

Denne dagen har handlet om familie

God kveld kjære lesere!


Stikkord for dagen er familie ♥️

For jeg har nemlig brukt dagen på flere av disse menneskene som betyr så mye for meg.
Jeg startet med kor sammen med pappaen min, og det er så lenge siden nå!

Det var så koselig og være sammen med gjengen igjen og jeg kjente at halsen ikke er vant med å synge 🤭 da vi satt der og sang på disse kjente tekstene tenkte jeg at jeg virkelig var i øyeblikket og bare kosa meg skikkelig ♥️

Etter koret dro jeg til farmor og vi tok oss en tur i flere butikker før vi gikk på kafé ♥️

I kveld har jeg vært på bingo sammen med svigerfar og med ett er denne mandagen snart over.

Det føles SÅ deilig at jeg har fri også i morgen 😁 tenk at jeg kan sove så lenge jeg vil, gå rundt i pysjen og bare ta livet helt med ro 😍 jeg gleder meg! 🤭

 

Det har gått i ett i veldig lang tid nå, og misforstå meg rett! 🤭

Jeg elsker når det går fort i svingene og man nesten ikke føler at man klarer å få med seg livet, jeg elsker action men jeg elsker også disse lange late dagene der jeg ikke krever stort av meg selv.

Å få det veldig travelt i livet har lært meg og nyte når det er stilt rundt meg og jeg bare kan være ♥️

Dette her har vært en veldig fin fridag!

Blir morgendagen halvparten så fin, så blir alt bra ♥️

Natta venner 🌹

 

 

kafé med farmor 😍

 

Bingo baby! Bingo! 😂 vant 220kr

👇Liker du denne bloggen?

Vi har laget Facebook-gruppe til denne bloggen 😁 5600 medlemmer følger allerede!

Meld dere inn og følg oss videre ❤️

Vi lover det ikke blir ett kjedelig sekund! 😁

her er lenken https://www.facebook.com/groups/1082825002055751/?ref=share